Bryne kunstforening

Du er her:
  • Kalender
  • «Expanded Paintings» av Marisa Ferreira

    Sted: Bryne Kunstforening

    «Expanded Paintings» er ein del av prosjektet «Spatial Studies: The Expanded Field» Her utforskar Marisa Ferreira kromatisk interaksjon og romlege relasjonar i eit utvida tema. Det er samspelet av kroppen sin romlege persepsjon ho er interessert i å visa i utstillinga på Bryne.

    Maleri og skulptur er utvidingar av kvarandre, og det er i denne kombinasjonen arbeida hennar relaterer seg til det arkitektoniske rommet. «Expanded paintings» er difor ein serie av tilsikta tredimensjonale maleri. Dei er frodige, opne og variable i artikulasjonen av ulike lag, deler og dybder, og har gode harmonier og fargar. Ved bruk av mellom anna kollage og Pythagoras læresetning for å definera vinklar, har ho inkludert element til maleriets ontology. Det blir dermed ei forlenging av Duchamps forestilling om at betraktaren fullfører verket. Verket visar kunstnaren sitt ønske om å gje ei intuitiv, kjenslsemessig og fysisk oppleving for betraktaren.

    I utstillinga i Bryne Kunstforening syner kunstnaren si interesse for konstruktivist maleri, noko ho har jobba med sidan i fjor. Utstillinga inkluderer eit sted-spesifikk verk i gallerirommet og presenterer små format «expanded» akrylmaleri laga på aluminium, stål eller rustfritt stål. Ho utforskar Josef Albers teoriar om farge i kunsten ved bruk av forskjellege proporsjonar, materialar og kontraster.

    Marisa Ferreira er født i Portugal i 1983, og har sidan 2008 budd og jobba i Oslo. Ho har ein mastergrad i Billedkunst frå Universidade de Evora, og eit år i Kunst og Design for Offentlig Rom frå Kunstakademiet i Porto.

    Ferreira har utvikla fleire offentlege kunstprosjekt. Eksempel på dette er «Beautiful forms unfold from unity» på Ulsmåg skole i Bergen, (2014) «Voyage dans l'rhythme» ved nye Royal Liverpool University Hospital i England (2015/16) og «Chromatic sounds» på St . Rafaels College i Irland (2016/17)

    Ferreira sine arbeid finnes i fleire private og offentlege samlingar i Norge, Tyskland, Spania, Sveits, Frankrike og Portugal.

     

    Utstillinga står til 15.oktober
    Bryne mølle, 3. etasje.
    Gratis inngang opningsdagen, elles gratis for medlemmer.
    Ope laurdagar kl 12.00 – 16.00 / sundagar kl 13.00 – 17.00

    Start tid:   27.08.2017 - 13:00
    Slutt tid:   15.10.2017 - 16:00

    Arr: Bryne Kunstforening


    Tilbake

    Aktiviteter

    Kommende aktiviteter

    Bryne Kunstforening, Bryne mølle, 3. etasje. Opningstider: laurdagar 12.00–16.00 og søndagar 13.00–17.00
    Levert av WebSite AS