Bryne kunstforening

Du er her:
  • Kalender
  • REFLEKSJON av Jens Erland

     

    REFLEKSJON Jens Erland

    I psykologien anvendes begrepet REFLEKSJON om bevissthetens tilbakeblikk på seg selv. Hvis kunstige intelligenser snart kan reflektere på menneskelig vis og kan stilles inn til å foreta etiske valg gjennom egen vilje, hva er det da som skiller oss fra robotene? Eller er kanskje ikke etikken det som gjør oss menneskelige, uansett; for er vi egentlig særlig suverene på området? Frå katalogtekst, Solveig Lønmo.

    Utstillinga tek utgangspunkt i to kretsløp: Eit menneskeskapt nettverk som går inn og ut av kroppane og hovuda våre og eit nettverk som har klangbotn i naturen sitt.

    Jens Erland har lenge arbeidd tematisk med forholdet mellom menneske og maskin og brukt element frå industrien som utgangspunkt for kunstverk. Industriviftene er kanskje dei mest kjende.

    Forholdet mellom menneske og maskin har endra seg dei siste åra. Den digitale kvardagen har fått stor plass i liva våre, og Jens Erland har denne gongen valt å kommentera denne utviklinga.

    Utstillinga er sett saman av keramiske hovud kopla til leidningar og kontrollpaneld, skulptur med utgangspunkt i industrivifter og skulpturar sett saman av filterpapir og organiske komponentar.

    Jens Erland (f. 1945) har utdanning frå Bergen Kunsthøyskole (1966-1969). Han har ei rekke utstillingar bak seg  i inn- og utland. Han har gjort fleie større utsmykningsoppdrag og er innkjøpt til private og offentlige samlingar nasjonalt så vel som internasjonalt. Erland har motteke fleire prisar, blant anna Norske Kunsthåndverkeres ærespris i 2017. 

    Utstillinga er støtta av Statens Utstillingsstipend og Norske Kunstforeninger.

    Song av Synneva Erland på opninga.
    Utstillinga står til 7.oktober.
    Ope laurdag 12-16 / sundag 13-17

    Krins III, 20x37 cm

    Overføring, 50x493cm

    Topografi, d47 cm. Bølgjelengd, d90 cm

    Linje, 182x160 cm

    Stort hovud Oppkopla, 135x145 cm (detalj)

    Natur, 233x180 cm (Foto: Tore Wiig)

    Jens Erland

    Vakker song av Synneva Erland på opninga

    Eit stort og begeistra publikum på opningsdagen

    Styreleiar Kirsti Sandved og Jens Erland
    Innledande bilete: HOUVUD.OPPKOPLA, fotografert av Tore Wiig


    Tilbake

    Aktiviteter

    Kommende aktiviteter

    Bryne Kunstforening, Bryne mølle, 3. etasje. Opningstider: laurdagar 12.00–16.00 og søndagar 13.00–17.00
    Levert av WebSite AS